Fjordturar 2011

FASTE TURAR 2011boat

Sundagar: 29. mai – 28. august og
Torsdagar: 23. juni – 28. juli: 
Fjordtur med M/S Peer Gynt - med høve til å tinga middagsservering frå kl 13.30 på Botnen Gjestetun

Avgang frå Steinstø kl. 12.30 og 15.30
Retur frå Botnen kl. 13.15 og kl. 16.30

Frå kl.14.00 – 15.45 ligg båten ved kai i Steinstø. I dette tidsrommet vil det vera høve til ekstratur til Botnen eller andre turar dersom behov.
Ring tlf. 90 71 96 40 vedr. informasjon om dette.

Billettprisar 2011 på dei faste avgangane:
Steinstø-Botnen t/r: Vaksne: kr. 220,- Born: kr. 100,-
Ein veg: kr. 125,-
Familie: kr. 550,-
Alle prisar er inkl. 8% mva.

Rutetabell for båt turer til og frå Botnen

MS Peer Gynt tek deg med på ein minnerik fjordtur innover det vakre Fyksesundet.
I enden av sundet ligg den veglause grenda Botnen – fødestaden til Hardingfela.
Her legg båten til kai, og det er høve til å gå i land. Botnen har ein serverings- og overnattingsstad, Botnen Gjestetun. Gjestetunet ligg i 20 minutts gangavstand frå kaien. Treng du transport, kan dette ordnast.

Middag:Botnen

Torsdagar og sundagar er det høve til å tinga middag på  Botnen Gjestetun. Servering av middag tek til kl 13.30:
Tlf. +47 56 55 52 49 / +47 90 03 27 85

ANDRE TURAR


”Peer Gynt” er båten for firmaturar, blåturar,familiefestar, pensjonistturar. klassefestar, m.m..
Me hentar og bringar Dykk der De måtte ynskja i Hardanger, men rår Dykk gjerne til å ta turemat ombordn innover Fyksesundet –
”Vestlandets Trollfjord” - til Botnen. Servering av mat og drikke om bord

Dagsturar: Me i Hardanger Fjordreiser AS hjelper deg gjerne med å planleggja og gjennomføra ein vellukka tur i og rundt Fyksesund. Du kan velja ein fjordtur aleine eller i kombinasjon med andre aktivitetar. Kontakt oss dersom du ynskjer meir informasjon om alle tilboda som finns. Du kan ringja, senda oss ein e-post eller fylla ut dette skjemaet. Hugs å oppgje
e-postadresse slik at me kan senda svaret til deg.