Velkomen til båttur på Hardangerfjorden!

MS Peer Gynt tilbyd ei naturoppleving utanom det vanlege på den vakre Hardangerfjorden. Saman med Hardanger Fjordreiser AS kan du komponera ein fjordtur etter eigne ynskje.

M/S Peer Gynt

Reiarlaget Hardanger Fjordreiser AS vart skipa i 2005. Sidan har mange vore på tur med verksemda sin 50 fot store passasjerbåt, MS Peer Gynt. Båten har plass til 58 personar. Om bord er det høve til å sitja både ute og inne og nyta det flotte utsynet over fjord, fjell og fossefall. MS Peer Gynt kan nyttast til alle typar arrangement, til dømes firmafestar, blåturar, pensjonistutflukter, fødselsdagar, klassefestar og fisketurar.